onsdag 10. mars 2010

God bless our home land Ghana

Daa var det onsdag igjen, og vi hadde tenkt aa legge inn bilde fraa Volta og feiring av nasjonaldag. Det maa bli neste gong, daa vi kom rett fraa Accra i dag. Kjersti blei kvitt malariaen, men pga utslett over heile kroppen, maatte vi ta oss ein ny tur paa sjukehus. Der fekk ho to posar intravenost, pluss ymse anna, men det hjalp ikkje stort. Tina, vaaar Big Black Mama, raada oss difor til aa komme til hovudstaden. Vi heiv oss rundt, og kom oss paa sjukehus der. Legane hadde litt meir peilig, og dei kom fram til at utsletta var reaksjon paa malariamedisinen. Etter to netter med vifte er forma litt betre, og vi er paa veg tilbake til landsbyen. Fredag maa vi igjen til Accra for aa reise paa kontroll, men det er bra det blir gjort skikkeleg. Eg, Jorunn, har vore gjennom ei lita matforgiftning, men er frisk som ein fisk igjen.

Utanom sjukehusbesok og pleiig av daarleg helse, har vi sidan sist feira nasjonaldagen. Det var ikkje likte stort som heime i Noreg, men skuleungane i landsbyen fekk vist fram marsjeringskunstane sine, og ungane paa barneheimen blei lukkelege av kjaerlighetane vi hadde kjopt til dei. Vi har ogsaa sendt heim Amy fraa nabolandsbyen, og ei svensk jente har komme til. Det gjer ikkje spraakforvirringa mindre, og vi maa konsentrere oss for ikkje aa snakke norsk til engelskmenn, og engelsk til svenskar. Moro.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar