onsdag 27. januar 2010

Kokrobite beach og kvardagen i Ghana

I dag er det onsdag, vi er i Swedru for aa delta paa obruni-mote, og eg hadde nett skrive eit langt innlegg paa bloggen. Saa gjekk strommen. Det er vel igrunn eit bra bilde paa korleis ting fungerar her i landet, og ein unskyldning for kvifor innlegget no blir litt kortare.

I helga var vi 11 frivillige som reiste saman til Kokrobite beach, og hadde ei herleg helg i Big Mills backyard. Fredag unna vi oss ein pizza paa italiensk resturant, det gjorde godt! Elles sola vi oss, bada, og var paa reaggy-party. Moro med ghanesarar som har spart i 13 aar for aa faa den riktige sveisen! Utanom oss 11, var det fleire frivillige fraa andre organisjansonar der, saa det var kvite aa sjaa paa alle kantar. Vi budde i eit sommarhus med ganske lav standar, men for oss var det nesten som aa bu paa luksushotell. Veldig greitt aa treffe andre frivillige baade i helger og paa onsdager, saa masse kule folk!

Sondagskveld kom vi tilbake til Kwakukrom, og det var klart for vaar nye kvardag igjen. Den gaar for det meste med til aa staa opp tidlig, skubbe ungar, ta "bucketbath", prove aa laere vekk litt engelsk, leike, synge og leike litt til. Ting gaar litt over stokk og stein, men saann er det her i landet. Ungane kan skremmande lite, men vi skal i alle fall greie aa learer dei alfabetet. Naar dei forst faar til noko, lyser dei opp, og vi faar mot til aa staa paa vidare. Mangelen paa skulemateriell gjer undervisninga vanskeleg, men vi haaper paa aa faa tak i penn og papir til alle ein gong i naeraste framtid.

2 kommentarer:

  1. Fredag kl 08:20 fra Ragnar:
    Det virker som dere har hatt en veldig bra helg ved kysten, og styrket vennskapet med de andre volontørene. Slike turer er sikkert viktige for å klare den harde hverdagen i landsbyen.

    Det er fint at dere opplever de små lyspunktene som lærere. Alle monner drar, og når framtidsutsiktene er usikre eller mørke for ungene, blir det lille dere kan gjøre også veldig viktig. Er det dere som må kjøpe papir og blyant for at ungene skal få det?

    Håper strømmen blir stabil en dag, slik at vi får sett noen bilder, men dette rår ikke dere over.

    Lykke til videre!

    SvarSlett